Vange Gard

Vange

Publisert: 6. august 2020 13:51
Kategori: Produsentar , Vik i Sogn

Vange Gard i Vik i Sogn har vore i familien sidan Turid sin tipp-tipp oldefar kjøpte den i 1830. Garden var lagt om til økologisk i 1989 og Turid tok over i 2013.

På garden driv dei med økologisk mjølk- og kjøtproduksjon. Vange er næraste nabo til Vikja.

Dyra er på beite frå mai til slutten av september. Frå juli er dyra på beite i Fresvik-Jordalen der dei får sumarferie på saftige fjellbeite fram midten av september. Då vert kyr og ungdyr buføre heimatt over høgfjellet. I tradisjonell vestlandsk stil kalvar alle kyrne på hausten frå 1.oktober, dette for å få utnytta dei store utmarksressursane best mogleg.

På Vange bur Turid og Joar saman med borna Nils og Knut. Vange er ein tradisjonell familiegard, og fleire generasjonar bidreg i dagleg drift.

'Me vil at #vangegard skal fortsetja å vera ein plass der det er kjekt å bu, kjekt å koma på besøk, og kjekt å vera ku.'

Leverandør av økologisk storfe kjøtt, Norsk Raudt Fe, NRF.


Skrive av: Turid Vange

Lat att