Fruktbare Dagar

3. oktober 2020

Bilde frå opplevleikanger.no
Bilde frå opplevleikanger.no
Publisert: 23. september 2020 08:17
Kategori: Arrangement , Leikanger

Laurdag 3. oktober - torgdag på Borggarden

I år reindyrkar vi salet av lokal mat og drikke, og har færre salsbodar med større avstand. Det blir mykje godt å kjøpe av frukt og grønsaker, jus, ost, kjøt og fisk, bakst og søte saker, så vi trur det skal bli retteleg fruktbart for dei som tek turen til torgs. Oppdatert program og oversikt over alle torgseljarane og butikkane ligg her.

I tillegg til torgsalet vert det trekking av Leikanger skyttarlag sit lotteri, og ei danseoppvising med Dans Utan Grenser Leikanger.

For dei som saknar sportsklede, elektronikk, bøker, kosmetikk, husfllid og andre ting på torget i år, anbefalar vi ein tur innom dei laurdagsopne butikkane i heile sentrum. Der blir det flust med gode tilbod, som alltid.

Vikja AS vil vere til stades på dette arrangementet.


Skrive av: Lars K. Hansen

Sjå meir: opplevleikanger.no - fruktbare dagar

Lat att



Del via: