100% Økologisk frå Vikafjellet og Vik i Sogn

Kjem du over Vikafjellet eller inn Sognefjorden
ser du Vik i Sogn opne seg med frodige naturlandskap.
Her er det godt å vera.
Fjella som omkransar den vakre bygda gjev næring til grøderike gardar
og sommarbeite av høg kvalitet.
Bønder i Vik har etablert eige slakteri og foredlingsverksemd.
Slik slepp dyra lang transport. Det gjev trivsel og lite stress for dyra,
noko som sikrar deg den beste kvaliteten.


1 / 6
2 / 6
3 / 6
4 / 6
5 / 6
6 / 6


KORTREIST - GLUTENFRI - UTAN MJØLK



Les om Vikja

Her er ei oversikt over alle artiklane på nettstaden vår.

Her kan du lese om Vikja, våre produkt, finne informasjon om produsentar, utsals stader, økologisk kjøt og mykje meir.

Ønskjer du å finne fram med meny val? Vel kategoriar oppe på meny linja og finn artiklane under vald kategori. Eller bruk søk, for å finne artiklar med hjelp av søkeord.


Vikja Slakteriet

Meir enn berre ei verksemd

Her på vikja.no ønskjer me å opplyse om kva me kan tilby deg som kunde, men også dele av våre eigne erfaringar og tileigna kunnskap.

Fleire av oss som er engasjert i drifta av Vikja slakteriet har lang erfaring innan økologisk landbruk, dyrehald, kjøttproduksjon og matlaging. Dette er ein kunnskap me ønskjer å dele med andre som er oppteken av eit berekraftig og økologisk landbruk. Men også ein kunnskap me ønskjer å dele med dykk som er våre kundar.

Difor dele me her informasjon om vår eigen produksjon og korleis du kan handsame dei produkta du får kjøpt hjå oss.

Du er velkommen til å logge deg inn på nettstaden vår, sende oss melding, epost, telefon eller ta turen innom utsalet vårt her på slakteriet.