Hazel Hill Farm

Fresvik

Publisert: 7. august 2020 10:10
Kategori: Produsentar , Vik i Sogn

Geoffrey, Liv og våre tre barn Endre, Benjamin og Ingrid tok over Hazel Hill Farm i 2018. Jorda i Hatleli (Hazel Hill) har vore dyrka av Liv sin familie i fleire generasjonar. Garden vart lagt om til økologisk serifisert drift i 1986. Drøvtyggande dyr, som storfe og sau, er den einaste måten gras kan omdannast til menneskefôr. Slik kan me best utnytta dei fôrressursane me har her på Vestlandet. Ein annan fordel er at grasetarane kan utnytta tilgjengelege fôrressursar i inn- og utmark, noko som er sentralt i vår drift; 6 månader av året hentar dyra alt dei treng av fôr frå beite på garden i Fresvik og i Fresvikjordalen (800 moh). Ullgrisen får førebels ikkje vera med på fjellbeite. Beitinga held landskapet åpent, og sikrar samstundes sunn og variert kost for dyra.

Belted Galloway er ein skotsk kjøtferase, utvikla på 1500-talet. Dyra er hardføre og lodne, med sterke flokkinstinkt. Dei er svarte, raude eller dunfarga med kvitt belte og har ikkje hornanlegg. Dyra har høg evne til å utnytte grovfor. Dette var noko av grunnen til vårt val av denne rasen ettersom me ynskjer ei drift basert på eigne forressursar og beite heime og i fjellet. Belted Galloway er kjend for høg grad av feitmarmorering, dvs at mykje av feitet ligg «sprengt» inn mellom muskelfibrane. Høg feitmarmorering er sentralt om ein ynskjer eit smaksrikt, mørt og saftig kjøt.

Gamalnorsk Spælsau er den sauerasen som liknar mest på dei aller fyrste sauene som fanst i Noreg i bronsealderen. Rasen er liten og lettbeint, og har ull med stor variasjon i farge og teikningar. Gamalnorsk sau er gode flokkdyr, og passar godt på lamma sine og føder flest enkeltlam. Tanken på at dyra går ute og kosar seg i høgfjellet gjennom heile sommaren, gir ein ekstra dimensjon. Kjøtet smakar ekstra godt når ein veit at sauen har hatt et godt liv og den varierte dietten gir eit finmarmorert og saftig kjøt.

Ullgris /Mangalitsasvin er ein svinerase frå Søraust-Europa. Typisk for rasen er krusete hår som ser ut som ull. Rasen var nær utryddelse på 70-talet, men har no teke seg opp att. Grisen er hardfør og kan klara seg ute året rundt. Mangalitsa trivst godt med å finna sin eigen mat i skog eller mark, og får noko kraftfôr som tilleggsfôr. Takka vera sein vekst, mykje rørsle ved beiting og målretta fôring, utviklar Mangalitsagris mørkt kjøt med ei unik marmorering, samt kvalitetsspekk. Kjøtet er veldig smaksrikt og feittet inneheld ca. 65 % av umetta feittsyrer, mykje vitamin E og D og tre gonger meir omega-3 enn laks.


Leverer økologisk kjøtt av kurasen Bellted Galloway og Gamalnorsk Spælsau.


Skrive av: Liv og Geoffrey Hatleli Gilpin

Lat att