Gamal gard på morenejord med store og rike fjellbeiter. Gras og urter som veks på næringsrik berggrunn vert ekstra næringsrike. Slik får kjøtet ein gunstig feittsyre samansetjing.
For tida har eg 6 - 8 kyr. Kjøper inn ein okse/oksekalv kvar haust. Dyra ordne seg sjølv med det meste.
Rasen har vorte meir og meir Vestlands fjordfe, men det er framleis innslag av STN (Sidet Trønder- og Nordlands- fe), Jarlsberg og NRF (Norsk Raudt Fe).
Dyra beiter i utmark, skog og fjell. På strengaste vinteren får dei høy, surfor og vatn inne. Kraftfor vert ikkje nytta, så dette er grasfora.
Elles har eg grønsaker, frukt og bær til eige bruk og litt til.
Driv og på med arrangement/servering i eigen lavvo.