Småbruket Hovden

Vadheim

Bilde frå nettstaden Ren Mat i samband med artikkel om Småbruket Hovden
Bilde frå nettstaden Ren Mat i samband med artikkel om Småbruket Hovden
Publisert: 5. oktober 2020 13:55
Kategori: Produsentar , Høyanger

Me, Bente og Atle, driv eit lite økologisk gardsbruk i Vadheim, Høyanger kommune, i ytre del av Sognefjorden. I tillegg leiger vi noko slåttemark i nærområdet. Me er fosterforeldre og har ca 30 vinterfora sauer i tillegg til shetlandsponniar og litt høner. Bente er uføretrygda etter ei forgifting på Fundo i Høyanger. Vi kan difor vere heime begge to.

Sauene våre går mykje ute, då vi har lite snø og milde vintrar. Om sommaren beiter dei og hestane i fjella mellom Vadheim og Høyanger. Vi prøver å bruke mest mogeleg tørrhøy, med hesjing og bakketørking. Mykje av slåttemarka vår er blomstereng og urteeng. Kraftfor er minimalt brukt.

Me leverer slaktedyra våre til Vikja slakteri. Det er sutalaust å reise med hurtigbåten frå Nordeide med hestehengar og transportere dyra til Vik.Det er ei tryggheit å kunne følge dyra til siste slutt. Båtturen med Tansøy eller Sylvarnes i seg sjølv er ei oppleving, og burde vore profilert meir som turistoppleving.

Vi opplever engasjerte folk på Vikja, og det er godt å oppleve kvalitetsmat som sluttprodukt og vite at vi er ein del av dette.

Kvalitetsmat er viktig i kvardagen vår. Vi lagar mykje tradisjonsmat og mat frå grunnen av i heimen i tillegg til pølser og spekemat. Me sel litt overskuddsegg. Vi har sett korleis mat påverkar helsa vår og brukar økologiske produkt så sant det er mogeleg.

For ein del år sidan hadde me besøk av ein engasjert journaliststudent som laga denne historien om oss: bondelandet.wordpress.com. Me har også hatt besøk av REIN MAT. Det er alltid spanande når andre utanfrå ser arbeidet vårt med sine auge.

I arbeidet vårt som fosterforeldre opplever vi vanskar med reiser, sjølv før covid19 gjorde sitt inntog. Me hadde gleda av å kunne invitere ungdom frå andre land til å bu og arbeide med oss på garden i fleire år, i tillegg til folk frå nærområdet. Det var givande og lærerikt, og vi håper at det kan komme igjen i framtida.

Dei små gardsbruka forsvinn i stor fart i dagens Norge. Det har i mange år vore lite attraktivt å vere bonde. Dårleg inntening, høge kostnadar og lange arbeidsdagar gjer at mange heller vel tryggare yrker. Vi trur at det vert fleire i framtida som produserer sin eigen mat. Enkle driftsformer og lavkost gardsdrift vert då løysinga, med enkle bygningar og minimal maskinpark.

Importmat, genmodifiserte varer og mat med tvilsomt opphav, gjerne frå underbetalte arbeidarar, bør vi unngå, særleg når vi har så god mat lokalt!


Skrive av: Bente og Atle Hovden

Sjå meir: Artikkel hjå Ren Mat

Lat att