Stigen Gard

Fresvik

Publisert: 23. september 2020 13:36
Kategori: Produsentar , Vik i Sogn

På høgdegarden Stigen i Aurlandsfjorden held ein flokk med gammalnorsk spælsau til i sommarhalvåret. Tidleg vårbeite på Stigen gjer at lamma får heile si levetid her.

Allereie når lamma er ei veke gamle, fraktast dei i båt frå vinteropphald i Fresvik til eit frodig og variert kulturlandskap på Stigen. Dei første dyra kjem på beite her i slutten av april, og med ein rikhaldig beitemeny blir det mykje god mjølk til lamma. Etter kvart som snøen smelter, beiter dyra seg til fjells, - heilt opp til 1400 m.o.h. Fjellstølen på 1000 m.o.h. er samlingspunktet, med saltstein og vidsyn over Nærøyfjorden, Aulandsfjorden og Sognefjorden.

Saueflokken får gå på Stigen til ut i oktober. Då blir dei henta ned til fjorden og frakta med båt tilbake Fresvik. Slaktelamma blir så køyrde ein liten time til døra i det lokale slakteriet Vikja, - ein avslutning med fokus på dyrevelferd og minimalt med stress.

Livdyra kan sjå fram til ein roleg haust på innmarksbeite i Hatleli, og i november kjem får dei kome under tak i den luftige og trivelege tallefjøsen på Buareina i Fresvik.

Hausten 2018 ble sauehaldet økologisk godkjent av Debio.

Stigen Gard&Turer
v/Hege Strømme og Dee Cunningham
Tlf. 47041862 / 48133370
Epost: post@stigengard.no

Til Vikja Slakteri leverer Stigen Gard kjøt av Villsau og Gammalnorsk spælsau.


Skrive av: Hege Strømme og Dee Cunningham

Sjå meir: stigengard.no

Lat att