Det er to måtar å rekne kjøtforbruk på: Engros forbruk og reelt forbruk.
Ofte vert det nytta tal frå engrosforbruk. Då er tal frå slakta kilo med kjøt korrigert for import og eksport, men ikkje for bein, svinn(tørking/skjere avfall/fordamping osv.)
Dette er særs unøyaktig.
Eg brukar difor, heretter, berre faktisk ete kjøt.
Ut frå denne metoden et kvar av oss 14,2 kilogram storfe kjøt.
Kjøttdeig, karbonadedeig og biff er mest nytta.
Vi et i gjennomsnitt storfekjøt 47 gonger i året.
I Noreg finst det omlag 13600 storfebønder.
8000 har kombinasjonsdrift mjølk og kjøt.
5400 har såkalla ammekry, det vil seie kalven får all mjølka.