Økologisk landbruk

Ø - merket

Ø - merket frå Debio
Ø - merket frå Debio
Publisert: 24. august 2020 11:09
Kategori: Økologisk

Er det landbruket som kan drivast på din og min gard, i dag og i framtida, utan å henta inn ressursar frå heile verda. Difor vil slikt landbruk variere alt frå kvar garden ligg, jordsmonn, klima osv.

Debio kontrollerer drifta hjå dei som driv økologisk landbruk.. Det er berre økologisk landbruk som har slik kontroll.

Økologisk landbruk gjev ei levande jord. Tusenvis av organismar i eit fint samspel. Her er nedbrytarar som bryt ned organisk material og produserer mat til plantane.

Økologisk landbruk tek varepå det biologiske mangfaldet, mellom anna insekta. Bier og humler får leva og syter for pollinering.

Økologisk landbruk nyttar ikkje kjemiske eller syntetiske tilsetningsmidlar. Dette gjeld både sprøytemiddel, kunstgjødsel og tilsettingsmidlar elles. Difor slepp du å få i deg noko av dei 280 tilsetningmidlane som vert nytta i mat.

Dessutan er økologisk landbruk lokalt, kortreist og kontrollert av Debio.

Ikkje berre mat, men også etestadar kan ha Ø – merket, i bronse, sølv eller gull.

Sjå etter Ø – merket.

Din garanti!


Skrive av: Olav Arnar Bø

Sjå meir: debio.no

Lat att