Vikja

Historie

Slakteriet ein midsumarkveld 2020
Slakteriet ein midsumarkveld 2020
Publisert: 24. august 2020 11:42

Prosjektet starta opp i 2002. 5 bønder slo seg saman og kjøpte Vange sekundær stasjon av Sognekraft. Det var framleis nokre kraftliner, men dei ville verta borte om 5 år. Firma fekk namnet Vik Trafokjøt DA. Målet var betre dyrevelferd og betre økonomi til bøndene.

Stor innsats vart lagt ned og seinhausten 2006 vart dei første dyra slakta. Diverre hadde vi utfordringar med kompetanse, arbeidskraft og salet gjekk heller ikkje så lett som vi tenkte,

Etter driftsåret 2007 vart det starta eit arbeid med aksjeutviding. Etter nokre år gjekk det i orden. Vik Trafokjøt DA vart eit eigedomsselskap. Dei eig tomt, bygningar og leiger ut lokala til Vikja AS. Vik Trafokjøt er største aksjonær, men det kom inn mange nye eigarar i Vikja AS.

Etter at aksjeutvidinga (emisjonen) var gjennomført har det gått kontrollert oppover. Produktnamnet Vikja har vorte kjent i mange kretsar.

Vikja står for kvalitet, tradisjon og ærleg mat. Produkta er også glutenfrie og stort sett mjølkefrie og grisefrie.

Vikja tek også på seg leigeslakting for andre.

FRAMTID

Etter kvart ha levering til HORECA – marknaden utvikla seg positivt og det såg lovande ut for 2020. Så kom Corona og denne marknaden stoppa heilt opp. Det same gjorde festivalar og marknadar.

2020 vart utfordrande for Vikja AS, men det Vikja arbeider med å ha fleire bein å stå på og har bestemt seg for å ikkje gje opp.


Skrive av: Olav Arnar Bø

Lat att